Tonar frå framtida. Ratkje, Skouen og Sandmo

Arrangementsinformasjon

Bjørn Fongaard sitt verk Science Fictions (1964) blei komponert for ein teknologi og instrumenter som enno ikkje fanst.

Mozart sin K.617 for mekanisk orgel går inn i 1700-tallsdraumane om mekanisk musikk. Den framtidsretta musikaren John Cage gav oss ein visjon av musikk skapa av publikum sjølv, i absolutt notid, med verket 4.33. Kan ein skrive musikk for ei ukjend framtid? Korleis formidlar ein musikalske visjonar og håp for ei tid og ei verd ein ikkje kjenner?

Komponistane Synne Skouen og Maja Ratkje og historikar og musikkritikar Erling Sandmo reiser tilbake til musikkhistoria sine mange ulike framtider og ser på utvalde verk, teknologi og visjonære tonar.


Restriksjoner

Kun et begrenset antall gratisbilletter legges ut i forkant. Det vil alltid være flere plasser tilgjengelig i døra ved arrangementstart.

Gratis forhåndsbilletter sikrer plass (unummerert) i salen for arrangement ved oppmøte senest ti – 10 – minutter før arrangementsstart. Gratisbilletter som ikke er registrert ti minutter før start, gis videre.